Mellom Bakkar Og Berg

Bjorn Otto Wallevik / Ivar Aasen

Mellom bakkar og berg ut med havet
Heve nordmannen fenge sin heim
Der han sjØlv heve tuftene grave
Og set sjØlv sine hus oppå deim

Han såg ut på dei steinute strender
Det var ingen som der hadde bygt
Lat oss rydja og byggja oss grender
Og så eiga me rudningen trygt

Han såg ut på det bårute havet
Der var ruskut å leggja utpå
Men der leikade fisk nedi kavet
Og den leiken den ville han sjå

Fram på vetteren stundom han tenkte:
Gjev eg var eit varmare land
Men når vårsol I bakkane blenkte
Fekk han hug till si heimlege strand

Og når liene grØnkar som hagar
Når det laver av blommar på strå
Og når netter er ljose som dagar
Kan han ingen stad venare sjå

Mellom bakkar og berg ut med havet
Heve nordmannen fenge sin heim
Der han sjØlv heve tuftene grave
Og set sjØlv sine hus oppå deim

Wissenswertes über das Lied Mellom Bakkar Og Berg von Ane Brun

Wann wurde das Lied “Mellom Bakkar Og Berg” von Ane Brun veröffentlicht?
Das Lied Mellom Bakkar Og Berg wurde im Jahr 2019, auf dem Album “Mellom Bakkar Og Berg” veröffentlicht.
Wer hat das Lied “Mellom Bakkar Og Berg” von Ane Brun komponiert?
Das Lied “Mellom Bakkar Og Berg” von Ane Brun wurde von Bjorn Otto Wallevik und Ivar Aasen komponiert.

Beliebteste Lieder von Ane Brun

Andere Künstler von Indefinido