Svikefull jomfru

Trad

SVIKEFULL JOMFRU
Ho sende bòd og blian ord
med valli
ho ba han sill koma før hønsi gol.
Den jomfru gløymer du alli.

Han sala ut gangaren frie
og so rei han seg nord under lie.

Han rei seg ut te dei vallbyde hus
dei spila i munnhórpur og brende voksljos.

Han grutte på dynni, han såg der inn
han såg sin kjærast danse i løvegrått skinn.

Det dansa ein med henne i hoss
var ven som ei lilje, og raud som ei ros.

Det dansa ein med henne i senn
og båe så ha dei sylvkrus i hend'.

Dei dansa so lett og so lengji
og det spila i adde i strengjir.

Han heldt so lengje i dynnering
med valli
at jøklane hekk etter kvór den fing.
Den jomfru gløymer du alli.

Beliebteste Lieder von Bugge Wesseltoft

Andere Künstler von Contemporary jazz