Vi Vandrar Saman

Så kvil deg no min kjære
Lat kroppen din få fred
Eg ser augo dine smile
Når du stille legg deg ned

Vi har vandra gjennom dagen
Vi har saman gjeve han liv
Og når alle lydar stilnar
Slik som kvitringar i siv

Ooh vi vandrar saman
Eg følgjer der du går
Ooh gjev meg handa
Lat månader bli år

Så takk då for ditt ljose smil
Og takk for dine ord
La all mi glede stige
Slik som tonar frå eit kor

Og stille kjem no natta
Og ditt ansikt fell til ro
Så godt å vera saman
Så godt å vera to

Ooh vi vandrar saman
Eg følgjer der du går
Ooh gjev meg handa
Lat månader bli år

Ooh vi vandrar saman
Eg følgjer der du går
Ooh gjev meg handa
Lat månader bli år

Beliebteste Lieder von Elisabeth Andreassen

Andere Künstler von Middle of the Road (MOR)