Eg Synger Jolekvad

Eg synger jolekvad
Eg er så glad så glad
Eg ser min Jesus kvila som barn i ringe kår
På moderfanget smila som soli varm og klår
Han er Frelsar min
Han er Frelsar min
Kom vesle barn til meg
Eg lengtar etter deg
Kom du som sorg kan linna stig inn om her er smått
Lat meg deg sjå og finna då får eg det så godt
Drag meg etter deg
Drag meg etter deg
Kor er Guds kjærleik stor
Guds Son er no vår bror
For me i synd var selde og låg i trælestand
Han knuste dødens velde og opna livsens land
Eia var me der
Eia var me der

Kvar er vel gleda slik
Som høgt i Himmerik
Der englesongen tonar til harper utan tal
Frå alle millionar i Himlens kongesal
Eia var me der
Eia var me der

Beliebteste Lieder von Garness

Andere Künstler von Scandinavian pop rock