Min aller kjæraste

Å har du sett min aller kjæraste
For han var alt som var for meg
Eg veit han fór så langt her unna
Og på vegen glømte han meg
Å om eg var ei einsam svale
Eg fauk så høgt langt her ifrå
Eg song med ternene på himmelen
Ja song om deg min kjære venn
Å har du sett min aller kjæraste
For han var alt som var for meg
Sjå no har månen sjølv snudd ryggen til
Og han du veit har glømt meg heilt
Å når det mørknar over fjella
Og heile verda ligg og søv
Då reiser eg til kalde vatnet
Og legg meg ned og grin i fred
Å har du sett min aller kjæraste
Å veit du kvar han blei av
Å har du sett min aller kjæraste
For han var alt som var for meg

Wissenswertes über das Lied Min aller kjæraste von Ingebjørg Bratland

Wann wurde das Lied “Min aller kjæraste” von Ingebjørg Bratland veröffentlicht?
Das Lied Min aller kjæraste wurde im Jahr 2017, auf dem Album “Hjarteskjell” veröffentlicht.

Beliebteste Lieder von Ingebjørg Bratland

Andere Künstler von Pop rock