Så Går ein Dag
Så går ein dag enn frå vår tid
og aldri kjem han att
og atter sig i kvedsfred blid
til jordi ned ei natt
Men du den same er og var
vår Gud i nåde stor
og i di bok du teikna har
vårt dagetal på jord
Eg gjev meg trygt min Gud til deg
når soli frå oss flyr
og hjartaglad eg lovar deg
når dagen atter gryr
Men om det stille dødens bud
i denne natt meg når
det er min trøst å kjære Gud
Eg dør men til deg går