En Rose Er Utsorunget

Det hev ei rose sprunge
Ut av ei rot så grann
Som fedrane hev sunge
Av Jesse rot ho rann
Og var ein blome blid
Midt i den kalde vinter
Ved mørke midtnatts tid
Om denne rosa eine
Er sagt Jesajas ord
Maria møy den reine
Bar rosa til vår jord
Og Herrens miskunns makt
Det store under gjorde
Som var i spådom sagt
Guds rose ljuvleg angar
Og skin i jordlivsnatt
Når henner ljos oss fangar
Ho vert vår beste skatt
Me syng i englelag
No er det fødd ein frelsar
Og natta vart til dag

Beliebteste Lieder von Inger Lise Rypdal

Andere Künstler von Middle of the Road (MOR)