Trur du på lyng?: II. Mor
Helge Torvund, Ståle Kleiberg
Eg bar ei sorg gjennom vintergatene
Ein uutsletteleg flamme
som brann for henne
som bar meg
Så leverte eg frå meg bokstavane
og sette meg inn i eit stort fly
og langt om lenge
kom eg fram til kvinnene si øy
Eg senka meg stilt inn i det salte
varme vatnet
Halve verda var
ei tåre