Kråkevisa

Og mannen han gjekk seg i vedaskog
Heifara i vedaskog
Då satt det ei kråke i lunden og gol
Hei fara falturilturaltura

Og mannen han tenkte med sjølve seg
Heifara med sjølve seg
Skal tru om den kråka vil drepa meg
Hei fara falturilturaltura

Å no har eg aldri høyrt større skam
Heifara høyrt større skam
Har du høyrt at ei kråke kan drepa en mann
Hei fara falturilturaltura

Og mannen han spente sin boge for kne
Heifara sin boge for kne
Så skaut han den kråka så ho datt ned
Hei fara falturilturaltura

Av skinnet så gjorde han tolv par skor
Heifara han tolv par skor
Det beste paret det gav han til mor
Hei fara falturilturaltura

Av tarmane gjorde han tolv par reip
Heifara han tolv par reip
Og klørne han brukte'n til møkkagreip
Hei fara falturilturaltura

Og nebbet han brukte til kyrkjebåt
Heifara til kyrkjebåt
Så dei kunne ro både frå og åt
Hei fara falturilturaltura

Av augo så gjorde han stoveglas
Heifara han stoveglas
Og nakken han sette på kyrkja til stas
Hei fara falturilturaltura

Og den som 'kje kråka kan nytta så
Heifara kan nytta så
Han var ikkje verd'e ei kråke å få
Hei fara falturilturaltura

Beliebteste Lieder von Morten Harket

Andere Künstler von Techno