Astri, Mi Astri
Astrid mi Astrid som eine held tå meg
Den tid du var meg så inderleg god
Den tid du gret kvar ein gong eg gjekk frå deg
Som var kvar laurdags-kveld mins du det no
Då var i bygda eg sælaste gut
Inkje eg byta med prest eller fut
Den tid du heldt utav Astrid åleine
Då inkje Svanaug var venar for deg
Den tid du var no så snøgg'e på beina
Då du kvar laurdags-kveld ila til meg
Inkje med skrivarens dotter ha eg
Den gongen byta skull eg mista deg
Heretter berre til Svanaug eg belar
Ho som er alltid så godsleg og blid
Ho som så gildsleg på langleiken spelar
Svanaug den vene skal no vera mi
Gjerne så ville eg to gonger døy
Når eg kunn gleda mi venøygde møy
No held eg berre tå Torgrim den flinke
Eismal eg vald'n blant belarar fleir
Sveinung ja Sveinung du tarv no slett inkje
Tenkja at eg kan få hug til deg meir
Tre gonger måtte dei slå meg i hel
Når eg berr visste at Torgrim var sæl
Men om eg skulle no Svanaug forlata
Og om eg kom ho kje meire i hug
Og om eg skulle til deg koma atter
Om eg til Astrid igjen skull få hug
Om eg no trygda at eg vart deg tru
Astrid mi Astrid kva svara då du
Venar enn soli som glar bakom fjellet
Det er han Torgrim kan eg seia deg
Og du argar enn villaste trollet
Falskar enn skumet på vatnet mot meg
Men eg er likvel di trugnaste møy
Berre med deg vil eg leva og døy