Å, var eg meir deg Jesus lik

Mathias Orheim

Å, var eg meir deg, Jesus, lik,
Så hjartevarm og god,
Med same kjærleik utan svik
Som du i striden stod!
Å, var eg meir med liv og tru
I alle ting som du, som du,
Min Gud, kor sæl eg var!

Kven kan få sagt kor stort det var
At du kom til oss her,
Og himlen ned på jordi bar
Med song av englehær?
Å, var mitt liv ei himmelbru,
I alle ting som du, som du,
Min Gud, kor sæl eg var!

Så sjå meg i mitt hjarta inn,
Min Frelsar kjær, og seg
Om du der inne noko finn
Som ikkje er av deg.
Du tankar, ord og liv må snu
Mot deg, så eg vert meir som du.
Min Gud, kor sæl eg er!

Ja, bøy meg, bøy meg ned for deg,
Og set meg ved din fot!
Alt stort og stolt du finn i meg,
du rive opp med rot!
På denne staden vil eg bu,
Så vert eg meir som du, som du.
Min Gud, kor sæl eg er!

Din strid, min Frelsar, var så stor
At sveitten rann som blod.
Å, send meg krafta av ditt ord
Og gjev meg same mod!
Den fadersmil som tek all gru,
Den får eg òg, for den fekk du.
Min Gud, kor sæl eg er!

Wissenswertes über das Lied Å, var eg meir deg Jesus lik von SKRUK

Wer hat das Lied “Å, var eg meir deg Jesus lik” von SKRUK komponiert?
Das Lied “Å, var eg meir deg Jesus lik” von SKRUK wurde von Mathias Orheim komponiert.

Beliebteste Lieder von SKRUK

Andere Künstler von Contemporary