Du Er Min Los
Du er min los
På leia eg dreg
Du er mitt ljos
På nattville veg
Sjølv om du vankar
Langt her i frå
I mine tankar
Bur du enn då
Der skal du bu
Som song i mitt sinn
Venen min
Du som einast er min
Der skal din kjærleik
Vere mi bøn
Der skal din nærleik
Vere min løn
Einsam eg stod
Og du vart min del
Blod av mitt blod
Og sjel av mi sjel