Eg veit i himmerik ei borg
Eg veit i himmerik ei borg
Ho skin som soli klåre
Der er 'kje synder eller sorg
Der er 'kje gråt og tåre
Der inne bur Guds eigen son
I herlegdom og æra
Han er mi trøyst og trygge von
Hjå honom eg skal vera
Eg er ein fattig ferdamann
Må mine vegar fara
Herfrå og til mitt fedreland
Gud, meg på vegen vara!
Me takkar deg til evig tid
Gud Fader, alle saman
For du er oss så mild og blid
I Jesus Kristus! Amen