Alt slik det var laga

Odd Nordstoga

Her er skogen
Her er stien
Her er fura stor og feit
Her er duva som har brevet
Her er reven som allting veit

Her er myra
Her er molta
Her er songen frå ein bekk
Her er ugla som har svaret
På det du gløymde vekk

Her er alt det som du minnest
I din fot og i di hand
Som du gløymde då du ivrig
Gjennom tidene for fram
Her er alt slik det var laga
Då du ein gong kom i land

Her er blomar
Her er enga
Her er stein og her er jord
Her er elgen borti kanten
Var det den du såg i fjor

Her er fjellet opp mot himmelen
Det er for tungt og stort for ord
Men det er dit du snur ditt auga
For det er der at lengten gror

Her er alt og alt er heime
Knytt ihop med skøyre band
Og dei før deg dei for stille
Når dei gjennom her for fram
Her er alt slik det var laga
Då du ein gong kom i land

Her er alt slik det var laga
Då du ein gong kom i land
Her er alt slik det var laga
Då du ein gong kom i land
Her er alt slik det var laga
Då du ein gong kom i land

Wissenswertes über das Lied Alt slik det var laga von Odd Nordstoga

Wann wurde das Lied “Alt slik det var laga” von Odd Nordstoga veröffentlicht?
Das Lied Alt slik det var laga wurde im Jahr 2022, auf dem Album “Inn i skogen” veröffentlicht.

Beliebteste Lieder von Odd Nordstoga

Andere Künstler von Hardcore metal