Ein bondes son

Far min han er bonde
Eg er ein bondes son
Og eg er grodd i grastustens eigen religion
Fjøset er mitt tempel
Og kvar morgon og kvar kveld
Eg køyrer liturgien
Og kallar det for stell

Presten har sin kyrkjelyd
Med salmesong så fin
Mine skit på golvet
Og rautar utan rim
Men både eg og presten
Me må sjå ein annan stad
Enn til kontoen på banken for å
Sjå kva vitsen var

Onn på onn
Plogen vender torva si
Gong på gong
Til rytmen av
Jorda sin eigen song

Far min han er bonde
Eg er ein bondes son
Og eg er grodd i grastustens eigen religion
Byr du meg på draumar
Om eit liv ein annan stad
Er det betre om du spør syster mi
Om svaret skal bli ja

Eg er vel ein slags konge
Er bunden til mitt land
Eg fekk det litt i fanget
Og gjer så godt eg kan
Men somtid ser eg langt etter ein bil som fer forbi
Og leitar ganske lenge etter grunnar for å bli

Onn på onn
Plogen vender torva si
Gong på gong
Til rytmen av
Jorda sin eigen song

Wissenswertes über das Lied Ein bondes son von Odd Nordstoga

Wann wurde das Lied “Ein bondes son” von Odd Nordstoga veröffentlicht?
Das Lied Ein bondes son wurde im Jahr 2022, auf dem Album “Inn i skogen” veröffentlicht.

Beliebteste Lieder von Odd Nordstoga

Andere Künstler von Hardcore metal